Undervisningsopplegg

Eit urettferdig klasserom

I denne øvelsen blir elevar satt i ein urettferdig situasjon for å gi eit innblikk i at verda er urettferdig. Hensikta er å engasjere elevane, og få dei til å tenke over sine moglegheiter og rettar. Dette er ein kort øving ein kan gjennomføre i til dømes klassens time, men tilrådast også å gjennomføre den som ein del av eit større opplegg.

Samfunnsfagene, Historie

20 minutter

Eitt papirark til kvar av elevane og ei søppelbøtte

USK VGS Kompetansemål

Videregående

  1. REL01-02: Diskutere problemstillinger knyttet til gruppebaserte fordommer, rasisme og diskriminering

Dette gjer du

  1. Del ut papir til alle elevane.
  2. La alle elevane sitje på sin eigen plass i klasserommet og be alle krølle papiret.
  3. Når du som leiar av øvelsen tel til tre skal alle kaste samtidig og prøve å treffe søppelbøtta. Det som då vil skje er at dei som er bakarst har vanskar med å treffe bøtta, og dei som sit fremst kjem til å klare å treffe den utan vanskar.

Dette er ein enkel måte å få eleven til å kjenne urettferd i praksis.

Refleksjon etter øvelsen

Etter dykk har kasta papiret til søppelbøtta passer det bra med litt refleksjon rundt kva som har skjedd.
Spør elevane:

  • Korleis kjennast dette?
  • Synes nokon at dei har blitt urettferdig behandla?

Oppsummer gjerne med:

Alle i dette klasserommet er ungdommar som på mange måtar er like. Det same gjeld alle ungdommar i heile verda. Men dykk frå bakarste rad representerer kanskje ungdommar i Sør-Sudan, Uganda eller ungdommar i Colombia. Ungdommar frå heile verda har ikkje like moglegheiter som deg om meg, men vi er likevel like mykje verdt, vi har like mykje å seie, og vi er alle ein ressurs for ei meir rettferdig verd og eit betre samfunn, men likevel blir mange ungdommar i verda sette til side, og det er urettferdig.